Fullføring av kapasitetsoppgraderinga i fibernettet - natt til onsdag/torsdag og torsdag/fredag

Scheduled for Oct 21, 14:00 CEST  -  Oct 23, 14:00 CEST

Scheduled

🌐 Vi fullfører kapasitetsoppgraderinga av fibernettet! 🚀
Vi er no inne i siste fase av eit større oppgraderingsprosjekt i samarbeid med andre breibandsselskap i Hardanger-regionen.
Natt til torsdag og natt til fredag skal vi gjennomføre siste del av oppgraderinga av internettaksessane våre. Dette legg til rette for endå høgare kapasitet og eit framtidsretta fibernett!
🔧 Når skjer arbeidet?
Natt til torsdag og natt til fredag
Oppstart ca. kl. 23.30 begge nettene
Venta varigheit: Om lag 2 timar per natt
Under arbeidet kan det førekomme korte avbrot («blink») i internettleveransen. Dei fleste kundane vil truleg merke lite til oppgraderinga.
Vi investerer vidare i eit solid og framtidsretta fibernett, med kapasitet til å møte behova i åra som kjem!
💡 Kva er eigentleg ein internettaksess?
Enkelt forklart er det sambandet som knyter fibernettet vårt til resten av internett.
Posted Oct 21, 2026 - 13:58 CEST
This scheduled maintenance affects: Internett (DNS1).