Ruskavêr i Kvinnherad

Incident Report for Kvinnherad Breiband AS

Resolved

🌪️ Vi har no fått god oversikt over alle skadane som er registrerte etter stormen Amy.
📞 Nye observasjonar kan meldast inn til vårt kundesenter som har ope kvardagar kl. 08–15, telefon 53 47 56 40.
💪 Kundane våre har vore flinke til å ta kontakt med både vakthavande (i helga) og kundesenteret formiddag på måndag 06.10.2025.
💚 Tusen takk for tolmod og godt samarbeid i helga – det har gjort feilrettinga mykje enklare for oss!
Posted Oct 06, 2025 - 10:16 CEST

Update

💨 Vi har stor aktivitet etter stormen i natt/formiddag, og må prioritere feilretting på større kablar.

📡 Alle feil som blir meldt inn blir vurdert fortløpande, og vi rettar feil så snart vi kan.

⏰ For enkeltabonnentar er estimert feilretting måndag 06.10.25.

🙏 Takk for tolmodet!

Helsing Kvinnherad Breiband 💚
Posted Oct 04, 2025 - 13:42 CEST

Update

📡 Ein del kundar i området Kaldestad/Sunde har no straum, men manglar internett.

⚠️ Dette skuldast at noden står i eit område som framleis ikkje har fått straumen tilbake.
🔋 Batteribackup gjekk tom i dei tidlege morgontimane, og vi vurderer fortløpande tiltak.

⏰ Ifølgje BKK er straumen estimert tilbake ca. kl. 12:00, på Kaldestad/Sunde og Utåker.

👉 Sjå oppdateringar hjå netteigar: https://geonis.bkk.no/portal/apps/dashboards/210b9d648c2c4d7580e22049ee5b2e68

🙏 Takk for tolmodet – vi følgjer situasjonen tett.
Posted Oct 04, 2025 - 08:55 CEST

Monitoring

Posted Oct 04, 2025 - 08:28 CEST

Identified

🌪️ Det er særs ruskete vêr ute, og vi registrerer straumbrot i delar av kommunen.
👷‍♂️ Vi har utvida beredskap og kan kalle inn ekstra mannskap på kort varsel.

📡 Per kl. 23:30 er to nodar utan straumtilførsel (Sunde og Kaldestad).
🔋 Alle våre nodar har batteribackup med levetid på 8–16 timar. Ved lengre straumbrot kan enkelte nodar gå tom for reservestraum.

👀 Vi følgjer situasjonen tett og vurderer fortløpande bruk av nødaggregat ⚡, verforhold 🌧️ og tryggleik for utandørs arbeid.

✅ Førebels er det straum og kontakt med alt teknisk utstyr.
⚠️ Merk: For kundar utan straum vil ikkje tenestene fungere.

🙏 Vi håpar blesten ikkje skapar for store utfordringar for deg – og ønskjer alle ein trygg kveld vidare 💚
Posted Oct 03, 2025 - 23:40 CEST
This incident affected: Internett (DNS1), TV, and Lokasjonar (Husnes - Kaldanesveien, Sunde).