Back to overview
Maintenance

Utfall breibandstenester - onsdag 22.3 (feil på teknisk utstyr)

Mar 22 at 06:41am CET  –  Mar 23 at 06:41am CET
Affected services
ping ns1.kband.no
ping ns2.kband.no
ping mail.kband.no

Resolved
Mar 22 at 11:14pm CET

Alle tjenester, inkludert TV skal være OK no. Vi følger med videre utover i kvelden/natta for å sjå at TV signalet held seg stabilt.

Updated
Mar 22 at 10:30pm CET

For dei som framleis er vakne og lurer på kva som skjer så kan vi bekrefte at vi kjem til å jobbe utover natta med vidare dialog kring konfigurasjon av eksternt utstyr. Det er no primært tv-leveransen som for mange ikkje fungerer. TV fungerer imidlertid via teliaplay app (streaming via get boX, apple tv eller chromecast) eller via nettlesar på pc og mac.
Manglar du internett anbefalar vi i fyrste omgang at du tek omstart av eige utstyr (heimesentral) og evt. ruter, og vent 5 min. Vi takkar for tålmod.

Updated
Mar 22 at 05:59pm CET

Internett skal for dei fleste no vere OK. Dersom du ikkje har internett kan du ta ein omstart av heimesentral/eige utstyr. Vi arbeider fortsatt med TV leveranse. Ukjent rettetid på TV.

Updated
Mar 22 at 03:52pm CET

Ein del av våre tv-kundar har framleis feil på tv-leveranse/internett. Det vert jobba med å få dette på plass så snart som mogleg. Estimert rettetid: 1-2 timar. Mvh Kvinnherad Breiband.

Updated
Mar 22 at 03:27pm CET

Det er framleis nokre få kundar som ikkje får internett. Vi jobbar med å få alle inn i vårt fibernett igjen. Dette til orientering. Mvh Kvinnherad Breiband.

Updated
Mar 22 at 02:48pm CET

Dei fleste av våre kundar har fått tilbake internett. Vi jobbar no med å få på plass alle detaljar for tv-leveranse. Dei som nyttar TV-telia via Teliaplay app (get boX via stream eller apple tv) får signalet levert via internett, og vil kunne bruke alle tenester allereie no.
Det står framleis att litt detaljar før alt er tilbake i normal drift.
Estimert: 1-2 timar. Mvh Kvinnherad Breiband.

Updated
Mar 22 at 12:57pm CET

Det pågår kontinuerleg dialog mellom alle innvolverte partar (grunna feil på eksternt utstyr) i samband med feilretting. Vi har alle relevante ressursar internt med prioritet.

Vi har no oppretta link mellom vårt interne utstyr og den nye kjerne switchen og jobbar no vidare med å fullføre konfigurasjon for å få tilbake alle tenester for våre kundar.

Estimert rettetid er framleis ukjent.

Updated
Mar 22 at 11:28am CET

Det vert jobba aktivt frå teknikarar lokalt og remote frå Oslo no. Nytt utstyr blir kobla opp og karane jobbar på spreng med å få tenester tilbake att.
Vi oppdaterer så snart det er noko nytt å meddele.
Vi tørr framleis ikkje å seie kor lang tid dette vil ta.

Updated
Mar 22 at 10:09am CET

Oppdatering!
Nytt utstyr er på veg opp i datasenteret vårt.
Kor lang tid dette tar tørr vi ikkje å seie no. Dette er avhengig av kor mykje arbeid det er på det nye utstyret (konfigurasjon). Vi held dykk oppdatert. Tusen takk for tålmod.

Updated
Mar 22 at 09:48am CET

Feilen er identifisert. Vi jobbar no med å rigge nytt utstyr til oppkobling og har no dialog med leverandør. Estimert rettetid er førebels ukjent. Når feilen er ordna skal tenester automatisk kome på plass att. Vi oppdaterer så snart vi har meir informasjon. Teknisk personell er på staden og jobbar på spreng med klargjering og montering av nytt utstyr.

Created
Mar 22 at 06:41am CET

Mange av våre kunder har ikkje tenester (internett, tv, telefoni) grunna feil på teknisk utstyr. Vi jobbar på spreng med feilretting og kjem tilbake med meir informasjon så snart vi veit. Estimert rettetid: ukjent. Vi beklagar bryderiet. Mvh Kvinnherad Breiband.