Back to overview
Maintenance

Straumbrot gir utfall breibandstenester (Sunde omegn)

Oct 14 at 08:48pm CEST  –  Oct 15 at 01:27pm CEST

Resolved
Oct 15 at 03:53pm CEST

Alle tenester skal no fungere normalt. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 03:05pm CEST

Oppdatering etter straumutfall:Nokre av våre kundar Kaldestad omegn opplever framleis å ikkje kome på nett. Vi jobbar med feilsøking. Beklagar bryderiet. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 01:27pm CEST

Straumen er tilbake og alle breibandstenester skal no fungere. Dersom du framleis ikkje har nett anbefaler vi at du tar omstart av heimesentral/ruter (eige utstyr) og prøver igjen etter ca. 5-7 min. Vi beklagar dei ulemper dette har medført dykk som våre kundar. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 12:46pm CEST

Oppdatert melding frå BKK ca. kl. 12.40:
Estimert rettetid på straumleveranse frå BKK er ca. kl. 14:00. Alle breibandstenester skal kome tilbake så snart straumen er tilbake. Det kan vere lurt å ta omstart av eige ustyr dersom du framleis har feil etter at tenestene er oppe igjen (estimert frå kl. 14:00). Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 12:33pm CEST

Feilen med straumbrot som fylgje av uvèr er forventa retta kl. 16:00 melder BKK på sine nettsider. Alle breibandstenester skal vere tilbake så snart straumleveransen er tilbake i normal drift. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 11:28am CEST

Det vil på noverande tidspunkt diverre ikkje vere mogleg å koble på utvida nødstraum på vårt tekniske anlegg. Vi må difor forhalde oss til estimert rettetid frå netteigar BKK som førebels er kl. 15:00. Feilen er meldt meir omfattande enn fyrst antatt. Kundar med breibandstenester frå dette området vil ikkje få tenestene tilbake før straumleveransen er i normalt drift. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 15 at 09:27am CEST

Ny estimert rettetid frå BKK for retting av større straumbrot er kl. 15:00. Mange av vore kundar har straum men ikkje breiband. Det skuldast at vår tekniske node står i straumlaust område. Vi jobbar på spreng med å finne alternativ løysing for nødstraum på vårt utstyr. Estimert rettetid: ukjent. Helsing Kvinnherad Breiband.

Updated
Oct 14 at 11:03pm CEST

BKK varslar om at feilretting er meir omfattande enn fyrst antatt. Forventa rettetid er ca. kl. 02:00, natt til søndag 15.10. Breibandstenester vil kome tilbake så snart straumen er på plass igjen. Helsing Kvinnherad Breiband.

Created
Oct 14 at 08:48pm CEST

Grunna straumbrot på Sunde omegn manglar ein del kundar breibandstenester. Nokre har fått straumen tilbake men er kobla mot ei nodehytte som framleis ikkje har straum grunna utfall.
Batteribackup har diverre ikkje kapasitet til å halde drift i alt utstyret på noverande tidspunkt.
Straumen er estimert tilbake ca. kl. 22:00 i følge BKK. Helsing Kvinnherad Breiband.